Sider: 0 treff
Kompetanseoversikt
Artikler: 0 treff
Nyhetsarkiv
Ansatte: 0 treff
Medarbeidere

Jordskifte

Kva saker kan løysast i jordskifteretten? Når er det lurt å krevje jordskifte? Harris har lang erfaring og god kompetanse i jordskiftesaker.

Kontaktpersoner

Jordskifteretten er ein særdomstol. I samband med tvistar om fast eigedom, kan partane velje mellom jordskifterett eller tingrett. Harris kan gje råd om kvar den aktuelle saka naturleg høyrer heime.

Ny jordskiftelov av 21. juni 2013 vart iverksett 1. januar 2016. Den nye lova byggjer mykje på tidlegare lover, men her er også ein god del nytt.

Typiske saker for jordskifteretten er:

  • Endring av eigedomstilhøve og rettar for å skape meir tenlege tilhøve, som til dømes:
    • Ny utforming av eigedom
    • Skiping og oppløysing av sameige
    • Deling av eigedom
    • Bruksordning
    • Pålegg om felles tiltak og investeringar
    • Skiping av lag
    • Avløysing og omskiping av bruksrettar
  • Fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar (rettsutgreiing)
  • Fastsetjing av grenser
  • Ulike typar skjønn

Harris har ei rekkje med advokatar som arbeider kontinuerleg med jordskiftesaker.