Harris satsar i Førde

8. september 2021

Harris skal vere bidragsytar til næringslivet i Sunnfjord. Harris si avdeling i Førde er i vekst og vi har gjennom våren og sommaren knytt til oss fleire dyktige folk.

Nytilsette 

Stine Baumann kjem frå eiga advokatverksemd i Høyanger, Baumann Advokatfirma AS. Ho har drive eigen praksis i 6 år. Før dette arbeidde ho som advokat i DLA Piper i 5 år, hovudsakleg innanfor forretningsjus. 
Stine har fleire års erfaring med familie-, arv- og skifterett, forvaltningsrett, erstatningsrett, kontraktsrett, arbeidsrett, offentlege anskaffingar, fast eigedom, eigedomsmekling og IPR. Ho har også bakgrunn som juridisk utgreier i Høgsterett.  

May-Linn Sandvik er ny advokatfullmektig i Førde. I tillegg til jus har May-Linn studert økonomi. Ho skal jobbe mest med skatt- og avgiftsrett, bedrifts- og industrikontrakter, selskapsrett, arbeidsrett og familie-, arv- og skifterett i Harris. 

Eit styrka team 

Våre klientar er privatpersonar, næringsdrivande, føretak, kommunar, interkommunale føretak og statlege organ i regionen.  

Med nytilsettingane har Førde-kontoret styrka sin kompetanse og kan bistå i eit breitt spekter av juridiske fagfelt.  

Thomas Chr. Jarning og Merete Tollefsen

Merete Tollefsen har vore tilsett ved Førde-kontoret sidan 2016. Ho arbeider i hovudsak med saker innanfor fast eigedom for både offentlege og private klientar. Ho har særskilt kompetanse innanfor tingsrett, plan- og bygningsrett og ekspropriasjon. Med bakgrunn frå offentleg kontroll- og tilsynsarbeid, har Merete også opparbeida seg brei kompetanse innanfor legalitetskontroll, forvaltningsrett og marknadsføringsrett.  

Thomas Chr. Jarning har lang og brei juridisk erfaring innanfor ei rekke fagområde, slik som fast eigedom, kontraktsrett, ekspropriasjon, kommunalrett og familie-, arv og skifterett. Han har særskilt kompetanse innanfor prosess- og tvisteløysing.  

Eit spennande næringsliv i Sunnfjord 

Sunnfjord er inne i ein spennande fase der eit framoverlent næringsliv spelar ei viktig rolle. Dei kommande åra skal det gjerast ei rekke større investeringar i regionen, mellom anna i infrastruktur, i Førde-pakken og større utbyggingar i helsesektoren.
I Førde ser ein også ei rekke eigedomsutviklingsprosjekt med næringsareal og bustader, i tillegg til eit spennande miljø for oppstartsbedrifter.  

For Harris er det viktig å vere ein bidragsytar for næringslivet.  

Kontakt 

Ta kontakt for ein uforpliktande prat
Du finn vårt kontor i Førde i Ullsentralen.