Stine byrjar i eit av dei største advokatfirma på Vestlandet

20. mai 2021

Etter at ho starta sitt eige advokatfirma i Høyanger for seks år sidan, blir Stine Baumann no del av Harris Advokatfirma.

Denne saken ble først publisert i YTRE SOGN den 08.05.2021
Av journalist Anne Lene Hansen


– Eg skal begynne i den nye jobben i juli, der eg vil vere tilknytt advokatfirmaet si avdeling i Førde, noko eg gler meg veldig til. Men eg ønskjer samstundes å formidle til Høyanger-samfunnet at eg framleis vil bu og ha eit visst tal kontordager i tettstaden, berre med nytt skilt. Så det vil ikkje vere nokon stor forskjell for dei som eg samarbeider med, seier ho til Ytre Sogn.

Etter seks år med eige advokatfirma i Høyanger byrjar Stine Baumann no i eit av dei største Advokatfirma på Vestlandet. Men ho vil framleis vere lokalt forankra i Høyanger, forsikrar ho.

– Kvifor sa du ja til jobben hos Harris Advokatfirma?
– Eg ønskjer å jobbe med andre i bransjen, og valde då eit stort firma framfor eit kontorfellesskap – eit firma der eg får eit stort fagmiljø i ryggen. Der eg kan jobbe tett og ha andre å samarbeide og dele kunnskap med, som er noko eg har sakna, svarar ho.

Invitere med

Harris Advokatfirma er eit dei største på Vestlandet, med hovudkontor i Bergen. Men dei har også å kontor i Førde, Stryn og Norheimsund.
Baumann fortel til Ytre Sogn at ho truleg kjem til å jobbe med liknande saker som ho har gjort tidlegare, blant anna familie- og arverett og fast eigedom. Men det kan også bli andre typer saker.
– Dei sakene og klientane som eg har no kjem eg til å invitere med meg vidare, noko eg også håpar dei fleste ønskjer. Eg håpar også at eg kan fortsetje med å ha kontoret mitt i «Gulebygget» i Høyanger, sjølv om dette enno ikkje er fastsett, seier ho.


Nye metodar

I samband med koronapandemien har det blitt større aksept – og moglegheit – for å kunne jobbe elektronisk og tett saman med andre, sjølv om ein gjerne sit mange kilometer ifrå kvarandre.
– Dette er noko Harris Advokatfirma har hivd seg på, og som i tillegg er eit gode for samfunnet vårt, ikkje minst ute i distrikta. Det at eg kan begynne å jobbe ved avdelinga i Førde og samstundes fortsetje å ha kontor i Høyanger nokre dagar i veka, viser kva mogelegheiter som ligg i teknologien. Og dei moderne arbeidsmetodane både trur og håpar eg kjem til å fortsetje også etter pandemien, avsluttar Baumann.