Sider: 0 treff
Kompetanseoversikt
Artikler: 0 treff
Nyhetsarkiv
Ansatte: 0 treff
Medarbeidere
Nytt i Harris: Publisert onsdag 13. februar 2019

Harris satsar i Sunnfjord og i Sogn

Harris Advokatfirma gratulerer Roar Berge med opprykk til senioradvokat.

Berge arbeider mykje med saker som gjeld fast eigedom, familie-, arve- og skifterett, konkursrett, arbeidsrett og kontraktsrett. Berge er jamleg oppnemnd av tingretten som bustyrar i konkursbu og dødsbu.

Berge har tidlegare vore advokatfullmektig i Advokatfirmaet Thommessen i Oslo og dommarfullmektig i Oslo byfogdembete. Han har praktisert som lokal advokat i fylket sidan 2013.

Harris held til i moderne lokale i Ullsentralen i Storehagen 3 A i Førde. Førde-kontoret har tre advokatar og to sekretærar.

Harris er eitt av dei største advokatfirmaa i landet med hovudkontor utanfor Oslo, og tilbyr juridisk spisskompetanse innanfor dei fleste rettsfelt. Firmaet har 40 advokatar/advokatfullmektigar, med kontor i Bergen, Førde, Norheimsund og Stryn.

Harris har digitale system som gjer at advokatane arbeider saman i sakene på tvers av alle kontora. Våre lokale kontor kan soleis tilby advokatarbeid av høg kvalitet utført av spesialistar.

Dersom du har behov for juridisk bistand, er du velkomen til å ta kontakt med advokat/partner Thomas Jarning eller senioradvokat Roar Berge for ein uforpliktande prat.

Kontaktpersoner