Sider: 0 treff
Kompetanseoversikt
Artikler: 0 treff
Nyhetsarkiv
Ansatte: 0 treff
Medarbeidere

Jordskifteretten – ein praktisk domstol

Kva saker kan løysast i jordskifteretten? Når er det lurt å krevje jordskifte? Harris har lang erfaring og god kompetanse i jordskiftesaker.

Kontaktpersoner

 

Tvist med nabo og granne kan gjelde så mykje: Grensetvist, felles veg, vegtvist, sameige og bruksretter – for å nemne noko. Ofte blir dette ståande uløyst, som ein « verkebyll », mellom anna fordi partane vil unngå rettssak, som kan verte vond og dyr. I slike tilfelle kan jordskifte vere ei smidig og kostnadseffektiv løysing. Dette gjeld også for eigedomar i bynære strok, for etter ei lovendring er jordskifte ikkje lengre avgrensa til landbrukseigedomar.

 

Jordskifteverket feira i 2009 150 år i Noreg. I Hordaland er det tre jordskifterettar; Sunnhordland jordskifterett (Stord), Indre Hordaland jordskifterett (Voss) og Nord – og Midthordland jordskifterett (Bergen).

Harris har heilt sidan etableringa i 1924 representert partar i saker for jordskifteretten (jordskifte vart fram til jordskiftelova av 1952 kalla «utskiftning»). Ny jordskiftelov (av 21. juni 2013) vart sett i kraft 1. januar 2016.

 

Jordskifteretten er ein særdomstol, jfr. domstollova § 2 nr. 2, og den gjeld for heile landet. I visse tilfelle kan den fungere som skjønnsrett. Jordskifteretten sin saklege kompetanse går elles fram av jordskiftelova § 1-4:

 

Endring i eigedomstilhøve for å skape meir tenlege tilhøve, herunder ved:

  • Forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt.
  • Skipe sameige mellom eigedomar.
  • Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedomar.
  • Dele eigedom etter eit fastsett høvetal.
  • Etablere reglar om sambruk (bruksordning). Typisk døme på dette er å fastsetje vedtekter for veglag og fallrettslag. Jordskiftesak er såleis ein praktisk måte å få fastsett rettigheiter og plikter mellom eigedomar og bruksrettshavarar, der partane sjølve ikkje klarar å inngå avtale.
  • Gje pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar. Denne framgangsmåten vert nytta t.d. i tilfelle der det er nødvendig å ruste opp eller å etablere ein veg, og partane treng hjelp til å fordele opparbeidingskostnaden mellom seg. Ofte vert denne typen saker fremja samtidig med krav om etablering av bruksordning mellom partane.
  • Skipe lag og fastsette vedtekter. Driftsselskap.
  • Omskiping og avløysing av tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom.
  • Avløysing av alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, og negativ servitutt. Det kan t.d. vere behov for å avløyse ein rett til ein notvoll (stad der ein i tidlegare tider turka fiskereidskapar) som med si lokalisering hindrar utnytting av strandsona til oppføring av naust.

Jordskifteretten har kompetanse til å fastsetje kvar eksisterande grenser ligg mellom eigedomar. Ei slik sak kan også fremjast for dei alminnelege domstolane. Ein fordel med å velje jordskifteretten er at den også koordinatfester og teiknar grensene inn på kart. Jordskifteretten sørgjer elles alltid for at sakene vert tinglyst i grunnboka.

Jordskifteretten kan dernest klarleggje og fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva i sameiger og i andre område der det er sambruk mellom eigedomar (rettsutgreiing). Typiske døme på slike saker der jordskifteretten fastlegg kven som er fallrettseigar i eit vassdrag, og saker der jordskifteretten avgjer kven som er grunneigar i eit område der beiterett og skog er delt mellom ulike rettshavarar.

Jordskifteretten har kompetanse til å halde skjønn. Domstolen sin kompetanse til å halde skjønn er sterkt utvida frå det som gjaldt etter tidlegare rett. Ulike variantar av vegskjønn er ein praktisk viktig variant som kan avgjerast ved jordskifteretten.

 

Jordskifteverket framstiller gjerne seg sjølv som eit «lågterskeltilbod».

Jordskiftedommarane er løysningsorienterte, men det kompliserte regelverket gjer at det er ei utfordring å ivareta eigne interesser utan juridisk bistand. I mange høve kontaktar partar oss etter at jordskiftekravet er sett fram. Det optimale er å kunne gje råd før saka er komen for jordskifteretten. For enkelte sakstypar vil partar i eit jordskifte ha krav på rettshjelpsdekning under eiga landbruks- eller innbuforsikring.

 

Harris Advokatfirma har ei rekkje med advokatar som arbeider kontinuerleg med jordskiftesaker.