Endringar i lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (odelslova)
Publisert / sist endret: 20. juni 2016
Med verknad frå 1. januar 2014 kom det to endringar i odelslova.
Den eine endringa går ut på ei innskrenking av kven som har odelsrett. Før lovendringa gjekk odelslova § 8 fyrste ledd ut på at utanom odlaren, fekk også etterkommarane hans odelsrett, dersom nokon av «foreldra, besteforeldra eller sysken av foreldra har ått heile eigendomen med odel». Etter lovendringa er alternativet «sysken av foreldra» fjerna, noko som medfører at nieser og nevøar mistar odelsretten. Vidare er det ført inn eit tilleggsvilkår om at besteforeldra må ha vore «siste eigar», noko som inneber at barnebarn mistar odelsretten når eigedomen ikkje lengre vert eigd av besteforeldra. Av endringslova (lov 14. juni 2013 nr. 47), går fram at endringane i § 8 ikkje får verknad for situasjonar der det etter tidlegare gjeldande reglar hadde vorte høve til å bruke odelsrett når endringane tok til å gjelda. Dette inneber at dersom det før 1. januar 2014 oppstod ein situasjon der det var høve til å bruke odelsretten, så gjeld dei gamle reglane.
I forlenginga av dette kan nemnast at reglane om refleksodel framleis gjeld, noko som inneber den som ikkje har odel fordi ein fell utanfor odelskrinsen, likevel får odelsrett dersom eigedomen går over til ny eigar i nærare linje. Til dømes kan ein som niese eller nevø få tilbake odelsretten dersom foreldra vert eigar av eigedomen.
Den andre endringa går ut på innskrenking av tilgangen til odelsfrigjering. Ved lovendringa er odelslova § 31 om odelsfrigjering ved erverv av tilleggsareal til landbrukseigedom oppheva. Det er dermed ikkje lengre mogleg å søka om odelsfrigjering ved kjøp av tilleggsjord. Føremålet med endringa er enklare reglar og mindre administrasjon. Av endringslova går fram at dersom nokon før 1. januar 2014 hadde ein aktuell odelsløysingsrett, og går til løysingssak, så gjeld likevel § 31.
Senioradvokat
Advokat (H) / partner
Aktuelt
-
Moms-fritaket for elbiler og budsjettforliket – hva skjer nå da?
-
7 praktiske grep for bedre håndtering av mva i næringsleieavtaler
-
Korleis kan ein innfri driveplikt?
-
Er enkle avtalar om bruksrett alltid det beste?
-
Nye krav til kjønnsrepresentasjon i styrene – Har selskapet kontroll på endringene?
-
Avkortning av arveforskudd – avklaring i ny dom fra Høyesterett
-
Har du en eiendom som du vil dele i flere? Hva må du tenke på?
-
Borettslagsmodellen: på dødens rand — men ikke helt død
-
Rullering av KPA i Bjørnafjorden: kommunen opnar for høyringsinnspel
Kompetanse
-
Bedrift
- Arbeidsrett
- Bærekraft
- Bedrifts- og industrikontrakter
- Compliance
- Eiendomsmegling
- Eiendomstransaksjoner
- Eiendomsutvikling
- Ekspropriasjon
- Entreprise
- Erstatningsrett
- Familie, arv og skifte
- Forsikringsrett
- Forvaltningsrett
- Havbruk
- Immaterialrett
- Insolvens og restrukturering
- Konkurranserett, statsstøtte og EØS
- Næringseiendom
- Offentlige anskaffelser
- Personvern
- Plan- og bygningsrett
- Proptech
- Prosess og tvisteløsning
- Selskapsrett
- Skatt- og avgiftsrett
- Transaksjoner
-
Eiendom
- Bærekraft
- Eiendomsmegling
- Eiendomstransaksjoner
- Eiendomsutvikling
- Ekspropriasjon
- Entreprise
- Fast eiendom
- Håndverkertjenester
- Jordskifte
- Miljø- og energirett
- Næringseiendom
- Plan- og bygningsrett
- Proptech
- Prosess og tvisteløsning
- Skatt- og avgiftsrett
- Tingsrett
- Tomtefeste
- Transaksjoner
- Tvist etter kjøp/salg av eiendom
-
Privat
- Arbeidsrett
- Barnevern
- Eiendomsmegling
- Ekspropriasjon
- Erstatningsrett
- Familie, arv og skifte
- Fast eiendom
- Forsikringsrett
- Forvaltningsrett
- Håndverkertjenester
- Immaterialrett
- Personskade
- Plan- og bygningsrett
- Prosess og tvisteløsning
- Skatt- og avgiftsrett
- Tingsrett
- Tomtefeste
- Tvist etter kjøp/salg av eiendom