Korte avtalar varer lenge
«Less is more» høyrer ein i forskjellige samanhengar. Ved inngåing av avtalar kan det være både tids- og kostnadssparande å lage enkle avtalar. Avtalar om bruksrett til fast eigedom (servituttar) skal verke over svært lang tid. Dei er ofte evigvarande.
Gamle tekstar møter nye behov
Kortfatta, langvarige avtalar skapar utfordringar når tidene og partane sine behov endrar seg. Ofte er det lite å hente i det skrivne når ein etter ei tid skal tolke innhaldet i og omfanget av servitutten. Det heiter t.d. i eit skyldskifte frå 1900: «Parsellen har vegrett over hovudbruket».
Kva ligg eigentleg i ein vegrett?
Kva ligg det i ein slik vegrett, inngått på eit tidspunkt når nær sagt ingen hadde bil? Inneber vegretten berre rett til å gå fram til hytteeigedomen (vanleg tilkomst til fritidseigedomar kring 1900), eller også det å køyre med bil eller rett til å utvide stien slik at den deretter kan køyrast på?
Tolking etter tida og tilhøva
Bakgrunnsretten kan ofte hjelpe oss til å få klarlagt innhaldet i avtalen. Ved fastlegging av innhaldet i ein servitutt er det høve til å trekke inn kva som vil vere i pakt med «tida og tilhøva». Dette følgjer av servituttlova § 2. Eit anna prinsipp ved klarlegging av innhaldet i servituttar er at det skal takast omsyn til både grunneigar og bruksrettshavaren. Utnyttinga av servitutten kan ikkje overstige servitutten si tolegrense (ingen skal måtte finne seg i urimelege eller unødvendige sider ved utnytting av servitutten). Kva som måtte vere urimeleg og unødvendig må fastleggast konkret i kvar sak.
Når presisjon løner seg
Dess meir generelt utforma avtalen er, dess større rom for endring i pakt med tida og tilhøva vil det ofte vere. For grunneigarar som ynskjer å ha større kontroll med utviklinga bør det derfor arbeidast med stiftingsgrunnlaget, slik at dette ikkje vert for vidt formulert. Detaljerte avtalar kan også vere i servitutthavaren si interesse. For eksempel kunne det ha vore skrive om vegretten over: «Parsellen har vegrett, herunder ved køyring, over hovudbruket og fram til tomta».
Klare rammer gir færre tvistar
Advokatane i Harris har lang erfaring i både å formulere presise servituttar og i å tolke innhaldet i servituttane. Me fører også kontinuerleg tvistar for domstolane der temaet er innhaldet i bruksrettar.