Du er her: Hjem / Kompetanse / Eiendom / Fast eiendom / Tingsrett / Naborett

Tingsrett

Naborett

Uavhengig av om du bur i byen eller om du eig landbrukseigedom på landsbygda, er naborettslege problemstillingar noko som vil fort vil kunne berøre deg. Kva for avgrensingar må du – og naboen – forholde dykk til?

Grensene er utgangspunktet for eigen råderett

Innanfor eigne grenser har grunneigaren som utgangspunkt fri råderett over eigne tiltak. Ein må då primært avdekke kva som er korrekte grenser, noko som ikkje alltid er problemfritt. På større landbrukseigedommar kan grensene ofte byggje på eldre dokument, som ikkje tidlegare har blitt kartfesta. Tilsvarande kan gjelde i bystrøk, der bebyggelsen ofte er tett og avstanden til naboen er mindre. Kva som utgjer grensa mot naboen, kan då vere uklart.

Uklare grenser kan somme tider føre til at anlegg vert bygd over nabogrensa. Dersom slike anlegg – for eksempel delar av ein terrasse eller eit naust – vert lagd over nabogrensa, kan naboen i utgangspunktet krevje dette fjerna. Dette gjeld ikkje utan unntak. Fører fjerning til uforholdsmessig store kostnader, og eigaren ikkje kan leggjast nemnande til last, kan det grenseoverskridande anlegget bli tillete ståande, mot kompensasjon til naboen.  Tilsvarande kan også bli resultatet der heile byggverket er bygd inne på naboeeigedommen. Du kan lese meir om byggverk på framand grunn her: Byggverk på framand grunn – Harris.

Nabogjerde – kven har ansvaret?

Markerte grenser – gjennom gjerder – kan bidra til å redusere risikoen for seinare nabokonflikter. Dersom gjerdeplikta ikkje er fastsett i tidlegare avtale, kan ein krevje felles gjerdehald med naboen, dersom gjerdet er til nytte for begge eigedommane. Utgangspunktet er då lik fordeling av gjerdehaldet. Ei slik fordeling kan derimot slå urimeleg ut for ein av partane, som då kan krevje fordelinga fastsett gjennom eit skjønn hjå jordskifteretten.

Nabogjerdet kan også setjast opp av ein av partane åleine, dersom hen ber kostnaden med dette sjølv. Her vil det likevel vere avgrensingar knytt til kvar gjerdet kan setjast, og kva utforming gjerdet kan ha. Eit gjerde skal til dømes ikkje lagast slik at det dannar urimelege eller unødige ulemper for naboeigedommar. Dette kan for eksempel vere ei aktuell problemstilling dersom gjerdet tek utsikt for naboen.

Kan ein krevje fjerna tre på naboeigedommen?

Noko av det som ofte byr på nabokonflikter, er tre og greiner som ligg nær – eller går over – grensene. Ei kjent problemstilling er at tre tek utsikt eller avgrensar solforholda på naboeigedommen. Dersom trea står for nær hus, hage, tun eller dyrka mark på naboeigedommen, og desse representerer ein skade eller ulempe for naboen, kan desse under visse vilkår krevjast fjerna. Dersom treet har greiner eller røter som går over nabogrensa, kan desse somme tider fjernast av eige tiltak. Føresetnaden er at det her er gjeve tilstrekkeleg varsel i forkant, og greinene/røtene utgjer ein tilstrekkeleg skade eller ulempe. Vurderinga av om tre, greiner og røter utgjer faktisk kan krevjast fjerna, vil bero på konkrete vurderingar.

Er det avgrensningar for kva ein kan gjere på eigen eigedom?

Sjølv om ein som utgangspunkt har fri råderett innanfor eigen eigedom, er det ei generell avgrensing for kva ein kan gjere på bekostning av naboen. Det fylgjer av grannelova § 2 at ingen kan ha eller setje i verk noko som er til unødig eller urimeleg ulempe for naboeigedommen. Tiltak som bryt med dette, kan naboen i utgangspunktet krevje retta. Dersom naboen lid eit økonomisk tap som fylgje av slike tiltak, kan hen også krevje erstatning.  

Kva som er unødige eller urimelege tiltak, må fastsetjast konkret og etter prinsipp fastsett i tidlegare rettspraksis. Dette kan bli aktualisert ved ei rekke ulike tiltak, både frå private og offentlege aktørar. For eksempel kan tre og byggverk lengre inne på naboeigedom representere ei urimeleg ulempe for naboen, dersom dette tek større utsikt. Også større tiltak, som offentlege vegprosjekt eller varige anlegg, kan etter forholda også representere urimelege ulemper, eksempelvis i form av støy. Dette kan gje grunnlag for erstatning for naboeigedommar.

Granneskjønn

Somme tider kan det vere naudsynt å iverksetje tiltak som kan medføre skade eller ulempe for naboeigedommen, for eksempel for sikringstiltak på eigen grunn. I slike tilfelle må naboen varslast i rimeleg tid i førevegen. Dersom partane ikkje vert samde om korleis tiltaka skal gjennomførast, kan kvar av naboane krevje dette avgjort ved granneskjønn. Ved naboskjønn kan det også gjevast løyve til midlertidig bruk av naboeigedom, mot utmålt vederlag til naboen. Skjønnet avgjer då om – og korleis – eit tiltak skal gjennomførast, og utmålar eventuell kompensasjon til naboen, der dette er aktuelt. Naboskjønnet vert halde av tingretten, med minimum to skjønnsmedlemmar.

Harris Advokatfirma AS har over 100 års erfaring med generelle eigedoms- og naborettslege problemstillingar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale, dersom du har spørsmål eller har behov for bistand knytt til dette.

Aktuelle tema

Tilknyttede advokater

Kontakt oss

Beskriv saken i korte trekk, men unngå sensitiv informasjon.

Vet du hvem du vil kontakte? Finn oversikt over alle menneskene her.

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
Navn(Påkrevd)