Alver kommune har starta arbeidet med kommune­planen sin arealdel

28. juni 2022

Alver kommune har lagt ut planprogram for kommuneplanen sin arealdel på høyring og offentleg ettersyn. Frist for å kome med merknader til planprogrammet eller innspel til planarbeidet, slik som nye utbyggingsområde, er satt til 15. september 2022.

Kommuneplanen

Kommuneplanen sin arealdel skal vere eit tydeleg styringsdokument for arealbruken i heile kommunen. Ved utarbeiding av planen skal kommunen ta utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel, vedteke av kommunestyret i Alver den 19. mai 2022, og den endelege planen skal vise korleis areala i kommunen vert brukt i dag og korleis dei kan bli utvikla i tida framover. Kvar skal det byggast nye bustadar? Kvar skal det vere handels- og næringsverksemd? Kvar skal det vere landbruk- og naturområde?  Kor skal strandsona ha eit særskilt vern til bruk for ålmenta?

Kommunen opnar ikkje for å vurdere innspel knytt til akvakultur og fiskeri i sjø då det pågår arbeid med interkommunal plan for sjøareala i regionen.

Planområdet, henta frå kommunen sitt planprogram

Hovudtema i vidare planarbeid blir følgjande:

  • Alver er eit berekraftig samfunn med attraktive senter og levande bygder og grender.
  • Alver har eit berekraftig næringsliv med Mongstad som landets fremste industriklynge.
  • Alver har eit rikt kulturliv som er ei drivkraft i samfunnsutviklinga.
  • Innbyggjarane i Alver har god livskvalitet, trygge oppvekstvilkår og god helse.

Høyringsdokumenta finn du her.

Spørsmål til planarbeidet?

Alver kommune inviterer til open kontordag 24. august (kommunehuset på Frekhaug), 31. august (kommunehuset på Manger) og 8. september (innbyggjarservice i Knarvik senter) der ein kan stille spørsmål til planarbeidet.
Les meir her.

Innspel om endra arealbruk

For grunneigarar og andre interessentar er det viktig å vere merksam på at ein kan spele inn forslag til framtidig arealbruk. Private innspel om endra arealbruk må meldast inn i samband med høyring av planprogrammet, altså innan 15. september 2022. Kommuneadministrasjonen vil då gå gjennom alle innspela og leggje desse fram for politisk handsaming. Politikarane vil så ta stilling til kva arealbruksendringar som skal konsekvensutgreiast vidare. Det vil også bli lagt opp til samtalar og diskusjon med innbyggjarane. Med grunnlag i dette arbeidet vil politikarane vedta ein endeleg arealplan.

Kvifor bistand frå advokat?

Harris Advokatfirma AS har lang og god erfaring med å utarbeide innspel og merknadar i ulike planprosessar. Både i saker der grunneigarar eller andre interessenter ønsker å oppretthalde eksisterande arealformål i ny plan eller der ein ønskjer å få endra arealformål. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale dersom du har spørsmål og/eller ønskjer vår bistand.