Ekspropriasjon

Ekspropriasjon gjennom jordskifteretten

Jordskifteretten er ein særdomstol. Den behandlar ei rekkje ulike sakstypar knytt til fast eigedom.
Sjå også vår generelle artikkel om jordskifte.

Skjønnssakene er ein av dei sentrale sakstypane ein kan få løyst i jordskifteretten. Skjønn er ei eiga prosessform i sivile saker. I skjønnet fastset jordskifteretten ulike skjønnsmessige avgjerder som typisk munnar ut i erstatning for den som må tole eit eigedomsinngrep.

Jordskifteretten har eksklusiv kompetanse til å gjennomføre ein rekkje typar skjønn.

Døme på dette er:

  • Skjønn som gjeld avskiping og omskiping av ein servitutt (bruksrett)
  • Skjønn til fastsetjing av løysingssum ved utøving av løysningsrett til fast eigedom (typisk forkjøpsrett)
  • Skjønn til fastsetjing av refusjon for utgifter til fellestiltak i vassdrag
  • Skjønn til fastsetjing av løysingssum ved bruk av forkjøpsrett i burettslag
  • Skjønn til fastsetjing av erstatning ved krav om tilknytning til private VA – anlegg og tiltak på nabogrunn i medhald av plan- og bygningslova.

Rett til opparbeiding og bruk av private vegar

Det kanskje mest praktiske skjønnet som går for jordskifteretten er det skjønnet som må til for å ekspropriere rett til å bygge, utvide eller etablere rett til å bruke private vegar.

I saker som gjeld vegskjønn tek jordskifteretten både stilling til om det er grunnlag for å etablere rettigheiter og den utmåler erstatning for den som motvillig må avstå ein rett. Erstatninga vert utmålt etter alminnelege ekspropriasjonsrettslege prinsipp.

Vilkår for vegskjønn

Det er eit grunnleggjande vilkår for gjennomføring av vegskjønnet at inngrepet «klårt» er til «meir gagn enn skade». Det er den som set fram krav om skjønnet som må godtgjere at dette vilkåret er oppfylt. Sentrale moment som inngår i denne vurderinga er fysiske forhold ved vegen og korleis denne er tenkt brukt.

Jordskifteretten kan etablere nye rettigheiter i eksisterande vegar og den kan fatte vedtak om å byggje eller utbetre vegar. I ei slik sak kan jordskifteretten også fordele framtidige kostnadar til vedlikehald mellom brukarane.

Skjønnet kan gjennomførast som eit deltema i ei sak som også gjeld andre sakstypar for jordskifteretten. Det er dernest høve til å krevje skjønnsforhandlingar for jordskifteretten som eige sak.

Kostnader

Det er eit grunnleggjande prinsipp i skjønns- og ekspropriasjonssaker at den som krev skjønnet må dekke saksøkte sine nødvendige utgifter til gjennomføring av skjønnet. Dette gjeld typisk kostnader til advokat og andre sakkunnige.

Alternativ?

Gjennomføring av skjønns- og ekspropriasjonssaker kan vere komplisert. Som følgje av at saksøkjar må bere motparten sine kostnadar er det viktig å vurdere om det fins alternative framgangsmåtar som kan gje det same resultatet utan denne typen tilleggskostnadar. Dette kan typisk vere ordinært jordskifte eller tvist.

Juridisk bistand

Advokatane i Harris har lang erfaring i å vurdere val av framgangsmåte både frå den rettslege og den strategiske sida. Her som elles er det ein fordel å ta kontakt før ein startar ein prosess mot naboen. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande telefonsamtale.

Vil du vite mer om ekspropriasjon? Da kan disse artiklene være nyttige for deg:

Kontakt oss

Beskriv saken i korte trekk, men unngå sensitiv informasjon.

Vet du hvem du vil kontakte? Finn oversikt over alle menneskene her.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.