Status i pågående prosjekter

Førdepakken

Kva skjer i Førdepakken?

Førdepakken skal bygge nye gater, fortau og sykkelvegar i Førde sentrum. Fleire av tiltaka er allereie ferdigstilte, medan andre er i planleggingsfasen eller i byggefasen.

Aktiviteten i og rundt Førde er stor. For tida set tiltak 14 sitt preg på sentrumsbiletet med ei midlertidig omlegging av E39 i området langs Fjellvegen. På strekket Indre Øyrane – Langebruvegen er arbeidet med køyreveg og bru med tilrettelegging for gang- og sykkeltrafikk (tiltak 12) i siste fase. Førdepakken har lansert nye nettsider der det vert delt informasjon og nyhende om tiltaka, sjå:  Førdepakken – eit utbyggingsprosjekt.

To prosjekt på veg over i byggefasen

Det største prosjektet i Førdepakken er framleis i prosjekteringsfasen. Tiltak 15 og 19 gjeld tilrettelegging for gang- og sykkelveg langs fv. 601 Angedalsvegen. Detaljreguleringsplanane vart vedtekne i 2021, og parallelt med prosjekteringa vert grunneigarane kontakta med tanke på avtalar om grunnerverv. Du kan lese meir om prosjektet her: Fv. 601 Angedalsvegen – tiltak 15 og 19 – Førdepakken – eit utbyggingsprosjekt.

Også tiltak 18 i Kyrkjevegen vil sette sitt preg på trafikken i sentrum så snart det går over i byggefasen. Kyrkjevegen aust skal oppgraderast og få fortau frå krysset til Hornnesvegen til Angedalsvegen. Du kan lese meir om prosjektet her: Kyrkjevegen – tiltak 18 – Førdepakken – eit utbyggingsprosjekt.

Førdepakken – status skjønn

Harris advokatfirma representerer fleire grunneigarar som må avstå grunn til Førdepakken sine tiltak.

Fleire grunneigarar har inngått avtalar med Førdepakken. Dei som ikkje har inngått avtalar vil få erstatninga utmålt av skjønnsretten. For nokre av tiltaka er det krevd skjønn for fastsetting av erstatning.

Kvifor kan det vere lurt med bistand frå advokat?

Harris har lang og god erfaring med å utarbeide innspel og merknader til planprosessar. I planprosessen må grunneigar normalt dekke utgifter til advokat sjølv.

Etter at reguleringsplanen er vedteken vil Statens vegvesen kontakte grunneigarar for å forsøke å inngå avtalar om grunnerverv.

Når nokon vert tvinga til å avstå rettar eller eigedom, er kunnskap om kva grunneigar har krav på i erstatning viktig. Harris har i generasjonar hatt dette som eit av sine spesialfelt. Grunneigarar som avstår eigedom ved frivillig avtale med Statens vegvesen har krav på full erstatning. Kjem vegvesenet ikkje til frivillig avtale med grunneigar, vil dei sette i gang ekspropriasjonssak.

Dersom vegvesenet varslar ekspropriasjon eller fattar ekspropriasjonsvedtak, har grunneigar krav på å få dekka utgifter til advokat. Også i forhandlingar med vegvesenet vil grunneigar normalt få dekka utgifter til advokat.

Ønskjer du bistand i samband med planprosessen eller ved avståing av eigedom? Ta kontakt med ein av våre spesialiserte advokatar for ein uforpliktande samtale.

 

 

Kontakt oss

Beskriv saken i korte trekk, men unngå sensitiv informasjon.

Vet du hvem du vil kontakte? Finn oversikt over alle menneskene her.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.