Kva risikerer ein dersom driveplikta ikkje blir innfridd?

Publisert / sist endret: 26. januar 2026

Som eigar av jordbruksareal har du ei personleg plikt for å syte for at jordbruksareal på din eigedom vert drifta. Denne driveplikta er ein lovfastsett plikt som følgjer av jordlova § 8 – og skal sikre at jordbruksareala kan nyttast til matproduksjon både no og i framtida. Driveplikta er også underlagt offentleg kontroll. Ved brot på driveplikta, kan du som eigar bli pålagt sanksjonar.

Kontroll av driveplikta

Kommunen og statsforvaltaren fører tilsyn med at driveplikta blir oppfylt i praksis. Driveplikta omfattar all jordbruksjord – det vil seie fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Det er inga nedre arealgrense for driveplikta. 

Det offentlege tilsynet skjer gjennom kontroll av om jorda blir dyrka, hausta, pleia eller drive på annan måte som sikrar at jordas produksjonseigenskapar ikkje vert svekte over tid. I kartlegginga vil kommunen avdekke areala underlagt driveplikt gjennom kartdata og registreringar, og vidare undersøke om det føreligg registrerte søknader om produksjonstilskot på arealet. Alternativt vil det måtte avdekkast om det føreligg leigeavtaler på eigedommen. Dersom arealet er underlagt driveplikt utan ei registrert drift, vil dette kunne bli fylgd opp som brot på driveplikta av kommunen. 

Kva sanksjonar kan ein risikere ved brot på driveplikta?

Dersom det vert avdekka brot på driveplikta, har kommunen fleire verkemiddel: 

  • Pålegg om bortleige eller anna drift: Kommunen kan krevje at eigaren anten leiger ut jorda i minst 10 år eller set i verk andre tiltak, som for eksempel tilplanting med skog eller tiltak for kulturlandskapet. 
  • Pålegg om retting: Dersom pålegg frå kommunen ikkje vert fulgt, kan Statsforvaltaren krevje at forholdet vert retta innan ein viss frist. 
  • Tvangsgebyr: Om pålegg ikkje vert etterlevd, kan Statsforvaltaren ilegge tvangsgebyr etter jordlova § 20. 

Det er vanleg at sanksjonar vert brukte først når brotet er vesentleg – det vil seie at ein langvarig eller alvorleg forsømming gjer at jorda ikkje er i drift eller taper produksjonsevne. 

Les også: Korleis kan ein innfri driveplikt?

Kva alternativ har ein ved manglande oppfylling av driveplikta?

Om ein av ulike grunnar ikkje sjølv kan drive jorda, finst det to hovudløysingar: 

1. Bortleie av arealet

Eigar kan oppfylle driveplikta ved å leige bort jorda til ein som vil drive ho. Dersom driveplikta skal oppfyllast gjennom bortleige, er det visse krav til bortleigeavtalen: 

  • Leigeavtalen må vere skriftleg. 
  • Avtalen må vere på minst 10 år. 
  • Utleigar/grunneigar kan ikkje ha adgang til å sei opp avtalen undervegs i avtaleperioden 
  • Bortleigeavtalen må føre til ei driftsmessig god løysing 
  • Eigaren må sende kopi av leigeavtalen til kommunen som dokumentasjon.  

Dersom avtalen ikkje oppfyller desse krava, vil ikkje bortleige kunne takast til inntekt for å oppfylle driveplikta i kommunen sitt tilsyn. 

2. Søke om fritak frå driveplikta – jordlova § 8a

For eigarar som av særlege grunnar ikkje kan få til drift eller bortleige, kan det alternativt søkjast om fritak frå driveplikta etter jordlova § 8a. Fritak kan vere aktuelt til dømes når: 

  • Det er vanskeleg å få leigd ut jorda i ein god nok avtale. 
  • Eigaren har tungtvegande personlege grunnar (t.d. sjukdom, alder). 
  • Arealet er lite eller har låg produksjonsevne, og det ikkje er behov for tilleggsjord i området. 

Kommunen avgjer sjølv om fritak kan gjevast, anten tidsavgrensa eller varig, og kan stille vilkår som skal sikre god forvaltning av arealet. 

Ei manglande oppfylling av driveplikta kan føre til kommunal oppfølging og pålegg. Mellom anna har Bergen kommune nyleg iverksett kartlegging av jordbruksareala i kommunen, for å avdekke om driveplikta vert fulgt. Slike kontrollar kan i ytste konsekvens leie til krav og sanksjonar frå kommunen, særleg dersom forsømminga er vesentleg. Samstundes gir lova gode alternativ for drift, bortleige eller fritak for dei som har reelle grunnar for ikkje å kunne drive jorda sjølv.

Harris Advokatfirma har brei erfaring frå saker knytt til driveplikt, og står klar til å bistå dersom du har behov for rådgjeving eller bistand overfor kommunen.