Kva er driveplikta?
Driveplikta er lovregulert i jordlova § 8, som fastslår at jordbruksareal skal drivast. Med «jordbruksareal» meinar ein både fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta rettar seg slik sett mot areal der det allereie er utført kultiveringstiltak. Det er ikkje ei arealgrense for driveplikta, og det er heller ikkje eit vilkår at arealet kan danne grunnlag for sjølvstendig drift. Plikta famnar i utgangspunktet difor breitt.
Ein må sjå driveplikta som eit lovbestemt vedlikehaldsansvar på eiga jord. For at plikta skal reknast innfridd, er det avgjerande at jorda vert halden i ein kulturtilstand som gjer det mogleg å vidare nytte arealet til vanleg jordbruksdrift. Drifta skal gjere det mogleg å hente ut ei normal avling, i lys av produksjonseigenskapane til jorda. Dette inneber også at innhaldet i driveplikta vil variere ut frå jorda på den enkelte eigedommen.
Når har du driveplikt?
Som eit utgangspunkt, gjeld driveplikta på alle eigedommar med kultiverte jordbruksareal. Plikta er personleg for den som eig eigedommen, og den gjeld for heile eigartida. Så lenge du er eigar av eigedom med jordbruksareal, har du eit ansvar for at driveplikta er innfridd.
Dersom du nyleg har overteke jordbrukseigedom med driveplikt, må du innan 1 år frå ervervet av eigedommen ta stilling til korleis driveplikta skal oppfyllast. Plikta kan oppfyllast på fleire måtar, og som eigar har du fleire alternativ.
Korleis kan driveplikta oppfyllast?
Eiga drift
Som eigar står ein fritt til å oppfylle driveplikta gjennom eiga drift. Det er då ikkje krav om ei spesifikk driftsform for at plikta skal vere innfridd. Kulturtilstanden på jorda må derimot bli halden i hevd. Minimumskravet er at arealet vert kultivert, for eksempel gjennom gjødsling når dette er naudsynt, og hausting. Ein må gjennom dette syte for at drifta ikkje avgrensar produksjonseigenskapane til jorda på sikt. Utover dette vil ein eigar ha handlefridom knytt til korleis driveplikta skal oppfyllast. Ulike driftsformer vil kunne tilfredsstille kravet, avhengig av det aktuelle arealet på eigedommen.
Bortleige av areal
Mange jordbrukseigedommar vert ikkje drifta av grunneigaren sjølv. Som eigar kan du oppfylle driveplikta gjennom bortleige av jorda, noko som fylgjer av jordlova § 8 andre avsnitt. Krava til drifta av jorda, vil vere dei same anten du driv sjølv, eller dersom leiger ut jorda.
Skal driveplikta vere innfridd ved bortleige, er det visse nærare krav til bortleigeavtalen.
Først og fremst er det krav om at det vert utforma ei skriftleg leigeavtale mellom grunneigar og den som leiger jorda. Dette har samanheng med at grunneigar også har plikt til å sende inn og dokumentere leigeavtalen til kommunen, som skal føre kontroll med at driveplikta vert innfridd.
Bortleiga skal også føre til driftsmessig gode løysingar». Dette kravet skal vurderast konkret, med utgangspunkt i forholdet mellom det bortleigde arealet og leigaren. Bortleige som ikkje innfrir kravet til driftsmessig god løysing, vil kunne bli rekna som brot på driveplikta.
Skal driveplikta oppfyllast gjennom bortleige, er det også eit krav om at leigeavtalen er på minst 10 år, og at grunneigar ikkje har adgang til å sei opp avtalen i denne perioden. Desse krava er gjevne for å gje leigetakar langsiktigheit i leigeforholdet og eigen drift.
Dersom desse fire krava til bortleigeavtalen ikkje er innfridde, er utgangspunktet at leigeavtalen ikkje kan gjerast gjeldande verken mellom partane eller overfor kommunen som ei oppfylling av driveplikta. Dette er derimot nyansert i ein nyare Høgsterettsdom – HR-2023-2167-A – som omhandla konsekvensen av ein jordleigeavtale med rettsstridig oppseiingsklausul for grunneigar. Høgsterett kom her til at oppseiingsklausulen måtte falle vekk, men at avtalen for øvrig bestod. Det vart uttalt at tilsvarande måtte bli løysinga dersom det var avtalt ei leigetid under 10-årkravet. Høgsterett uttalte likevel at løysinga ikkje nødvendigvis er den same dersom slik revisjon vil påverke balansen i avtalen mellom grunneigar og utleigar i for stor grad.
Som grunneigar kan du difor risikere å vere bunden på strengare vilkår enn opprinneleg avtalt, dersom bortleigeavtalen ikkje innfrir krava til leigeavtale i jordlova § 8.
Kva skjer om driveplikta ikkje vert oppfylt?
Kommunane og statsforvaltaren fører tilsyn med om driveplikta fastsett i jordlova § 8 vert halden. Dersom jordbruksareal ikkje vert drive, har kommunen adgang til å påleggje eigaren bortleige av arealet i 10 år, tilplanting med skog eller andre tiltak med omsyn til kulturlandskapet. Slike pålegg er først og fremst aktuelt der brotet på driveplikta er vesentleg. Dersom driveplikta ikkje vert overhalde, kan Statsforvaltaren også gje pålegg om retting av forholdet innan ein viss frist, og ilegge tvangsgebyr om fristen ikkje vert halden. Slikt pålegg skal rettast mot den ansvarlege, og kan etter omstenda både vere eigar, leigetakar og bruksrettshavar.
Kan ein unngå driveplikt?
Som eigar kan det vere ulike grunnar til at driveplikta vert utfordrande. Reint praktisk kan det vere vanskeleg å syte for drifting av arealet, eller det kan vere grunnar til at ei bortleige etter dei lovfastsette krava ikkje er ynskjeleg. I jordlova § 8a er det opna for at ein eigar – etter søknad – kan få fritak frå driveplikta etter § 8. Søknad om fritak vert avgjort av kommunen etter ei heilskapsvurdering. Her vil ulike moment kunne spele inn, mellom anna det konkrete jordbruksarealet avkastningsevne, behovet for tilleggsjord i området og søkaren sin livssituasjon. Fritak kan gjevast både for ei viss tid, eller som varig fritak. Det kan også stillast vilkår for fritaket.