Retten til ferdsel i inn- og utmark

28. november 2022

Ferdselsretten er ein del av allemannsretten. Den inneber eit skor i den private eigedomsretten.

Kva reglar gjeld for ferdsel i inn- og utmark?

Innhaldet i ferdselsretten er regulert i lov om friluftslivet av 28. juni 1957 nr. 16. Denne lova er innretta mot friluftslivet sine interesser, men rettigheitene i lova gjeld generelt.

Hovudregelen er at alle kan ferdast til fots i utmark, når dette kan skje «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet», jf. lova § 2. Også visse andre former for ferdsel som riding, sykling på veg eller sti i utmark er tillatt.

I innmark er ferdselsretten avgrensa til den tida marka er frosen eller snølagt, men ikkje i tida frå 30. april til 14. oktober. Ferdselsretten i innmark gjeld uansett ikkje på «gårdsplass eller hustomt, inngjerdet hage eller park…». Slike område vert gjerne omtala som den kvalifiserte innmarka, og er altså gitt eit særleg vern av omsyn til den private eigedomsretten.

I 2011 vart friluftslova § 3a vedtatt. Den opnar for ferdsel heile året på sti eller veg i innmark som fører til utmark. Denne retten omfattar også det å ri eller sykle mm, så lenge denne aktiviteten ikkje er organisert. Ferdselsretten etter friluftslova § 3a gjer ikkje løyve til å bruke sti i innmark som kryssar gardsplass eller hustomt.

Kan grunneigar forby ferdsel over egen eigedom?

Grunneigar kan under visse omstende forby elles lovleg ferdsel i inn- og utmark. For det første kan grunneigar forby ferdsel der ferdselen i seg sjølv er «egnet til å volde nevneverdig skade», jf. § 3a siste ledd.

Dernest er grunneigar i § 11 i lova gitt ein bortvisingsrett overfor den som «opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe».

Lova har elles også reglar og rasting, telting og idrettstemne, for å nemne noko.

Kva reglar gjeld ved motorferdsel i utmark?

Det er gitt eigne reglar om motorferdsel i l i utmark og vassdrag i lov av 10. juni 1977 nr. 82. For denne lova er hovudregelen at motorferdsel er forbode i utmark og vassdrag. Lova har ei rekkje unntak, til dømes for aktive gardbrukarar som har nytte av transporten i driftssamanheng.

Harris opplever at det er ein del tvistar knytt til innhaldet i ferdselsrettane i friluftslova. Dette har aktualisert seg ytterlegare gjennom større bruk av dei ulike ferdselsrettane. For grunneigarane kan dette medføre skade og ulemper som må avklarast rettsleg.

Ein måte å løyse dette på kan vere å be kommunen om ein uttale i medhald av § 20 i lova. Eit slikt vedtak er ikkje eit enkeltvedtak og det kan ikkje påklagast. Vedtaket er heller ikkje bindande for partane. Den av partane som har mest behov for rettsleg avklaring kan ta ut søksmål.

I Harris si tingsrett og jordskiftegruppe arbeider me jamnleg med rådgjeving knytt til enkeltsaker knytt til ferdselsrettar.