Kva er ekstinksjon?

10. mai 2023

Eit grunnleggjande prinsipp etter norsk rett er at ingen kan overføre større rett vidare enn ein sjølv har. Dersom du har vegrett over eigedommen til naboen, vil også den som kjøper naboeigedommen måtte respektere denne vegretten.
Reglane om ekstinksjon kan føre til unntak frå dette utgangspunktet.

Ekstingvere eller «utslette» den tidlegare retten

Enkelt sagt kan i visse tilfelle den som ervervar, og det oppstår kollisjon mellom rettane til ervervaren og tidlegare rettar til same eigedom, ekstingvere eller «utslette» den tidlegare retten.
Eit grunnleggjande vilkår er at den som ekstingverer må ha vore i god tru, altså ikkje visste eller burde vite om den tidlegare retten.

Kva kan ein gjere for å verne seg mot ekstinksjon av rettar til fast eigedom?

Når ein sikrar ein rett ved tinglysing, oppnår ein rettsvern. Det vil mellom anna seie at ein sikrar retten mot ekstinksjon, og at ein seinare ervervar som hevdar å ha fått same retten, ikkje kan påstå å ha vore i god tru. Motsett er det tinglysingstidspunktet som er avgjerande for den som meiner å ha ekstingvert – det er på det tidspunktet ein har tinglyst retten sin, ein må ha vore i god tru.

Om ein let vere å tinglyse ein rett som kan tinglysast, er det altså ein risiko for at retten seinare kan bli ekstingvert. Det kan vere tilfeldig om retten er synleg på ein slik måte at ein seinare ervervar ikkje kan ha vore i god tru.

I ei sak for Borgarting lagmannsrett (LB-2019-159952) hadde den første kjøparen av seksjon i eit sameige fått einerett til parkeringsplass, og til å oppføre ein garasje der. Rettane vart ikkje tinglyste. Då det ikkje kunne bevisast at dei seinare kjøparane av seksjonar hadde fått informasjon om dette før dei fekk tinglyst kjøpa sine, vart einerettane til fellesarealet ekstingverte.

Resultatet vart motsett i ei sak for Eidsivating lagmannsrett (LE-2017-182935). Kjøparen av ein eigedom vart ikkje høyrd med at det var mørkt då han var på visning, og at vegrett over hans eigedom ikkje var tinglyst. Retten la vekt på at det var tydelege hjulspor i vegen, og at det stod bil og carport inne på naboeigedommen som hadde vegrett. Kjøparen burde ha skjønt at vegen over hans eigedom var einaste tilkomsten for naboen.

Kva om ein rett ikkje kan tinglysast?

Ikkje alle rettar som gjeld fast eigedom kan tinglysast, eller det kan vere tvilsamt om dei kan det.

Kan ikkje tinglysing skje, må ein i utgangspunktet falle tilbake på at «først i tid, er best i rett». Sjølv då har likevel Høgsterett slått fast at det kan ekstingverast på ulovfesta grunnlag, men det må då «sterke grunnar» til.

Dette gjeld for alle typar eigedom, både i og utanfor tettbygd strøk, noko ei nyleg avgjerd frå Høgsterett slår fast (HR-2022-00314-U). Lagmannsretten hadde kome til at ein av andelseigarane i eit burettslag hadde fått einerett til delar av fellesarealet, men at seinare innkomne andelseigarar hadde ekstingvert eineretten fordi dei var i god tru. Ettersom lagmannsretten ikkje hadde vurdert om det var sterke grunnar som tilsa ekstinksjon ut over den gode trua, vart lagmannsrettsdommen oppheva.

Kontakt

Lurer du på om du har ekstingvert ein rett, eller om du kan ha mista ein rett ved ekstinksjon? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.