Sunnfjord kommune har starta arbeidet med kommune­planen sin arealdel

3. mars 2022

Sunnfjord har lagt ut planprogram for kommuneplanen sin arealdel (2023-2034) på høyring og offentleg ettersyn. Frist for å komme med merknader til planprogrammet eller innspel til planarbeidet, slik som nye utbyggingsområde, er 30. mars 2022.

Kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel 2023 – 2034 skal vere eit tydeleg styringsdokument for arealbruken i heile kommunen. Planen skal vise korleis areala vert brukt i dag og korleis dei kan bli utvikla. Kvar skal det byggast nye bustader? Kvar skal det vere handels- og næringsverksemd? Kvar skal det vere grøntområde? Kvar skal vi best mulig ta vare på natur og landbruksområda i kommunen? Korleis kan arealbruken i kommunen bidra til å nå FNs bærekraftmål?

I arealdelen vil følgjande tema bli særskilt vektlagt:

  • Effektiv arealdisponering
  • Utbyggingsmønster og senterstruktur
  • Ta heile kommunen i bruk
  • Bruk av masseoverskot frå store vegprosjekt

Høyringsdokumenta finn du her.

Sunnfjord kommune inviterer til debatt om sentrale tema for arealplanlegging 9. mars kl. 18.00-20.00.
Les mer her.

Innspel om endra arealbruk

For grunneigarar eller andre interessentar er det viktig å vere merksam på at private innspel om endra arealbruk må meldast inn i samband med høyringa av planprogrammet. Etter ei administrativ grovsiling av arealinnspela, skal politikarane ta stilling til kva arealbruksendringar som skal gå vidare til ei konsekvensutgreiing.

 

Kvifor bistand frå advokat?

Harris Advokatfirma har lang og god erfaring med å utarbeide innspel og merknader i ulike planprosessar. Både i saker der grunneigarar eller andre interessenter ønsker å oppretthalde eksisterande arealføremål i ny plan, eller få areal utlagt til nye arealføremål. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale dersom du har spørsmål og/eller ønskjer vår bistand.

Fv: Thomas Jarning, May-Linn Sandvik, Merete Tollefsen, Stine Baumann.