Førdepakken: forslag til reguleringsplan for Angedalsvegen del 2
26. mars 2020
Planarbeidet for det største prosjektet i Førdepakken, Angedalsvegen, vert i desse dagar ferdigstilt. Statens vegvesen har lagt ut del 2 av prosjektet (strekninga Presteholten – Slåtten skule) til offentleg ettersyn med merknadsfrist 15. april 2020.
Foto: https://www.vegvesen.no
Detaljreguleringsplanar Angedalsvegen
I planområdet for del 2 er det mange einebustader og hagar og prosjektet vil påverke ei rekke grunneigarar.
Planavgrensinga er vist på kartet her.
Planavgrensinga er vist på kartet her..
Angedalsvegen er delt i to reguleringsplanar, men blir utbygd som eitt samla tiltak med planlagt oppstart i 2021/2022.
Detaljreguleringsplanen for Angedalsvegen del 1 vart lagt ut til offentleg høyring sommaren 2019. Justert plan er sendt over til kommunen og vert truleg behandla i løpet av kort tid.
Kvifor kan det vere lurt med bistand frå advokat?
Harris har lang og god erfaring med å utarbeide innspel og merknader til planprosessar. I planprosessen må grunneigar normalt dekke utgifter til advokat sjølv.
Etter at reguleringsplanen er vedteken vil Statens vegvesen kontakte grunneigarar for å forsøke å inngå avtalar om grunnerverv.
Når nokon vert tvinga til å avstå rettar eller eigedom, er kunnskap om kva grunneigar har krav på i erstatning viktig. Harris har i generasjonar hatt dette som eit av sine spesialfelt. Grunneigarar som avstår eigedom ved frivillig avtale med Statens vegvesen har krav på full erstatning. Kjem vegvesenet ikkje til frivillig avtale med grunneigar, vil dei sette i gang ekspropriasjonssak.
Dersom vegvesenet varslar ekspropriasjon eller fattar ekspropriasjonsvedtak, har grunneigar krav på å få dekka utgifter til advokat. Også i forhandlingar med vegvesenet vil grunneigar normalt få dekka utgifter til advokat.
Harris Advokatfirma AS avdeling Førde
Ønskjer du bistand i samband med planprosessen eller ved avståing av eigedom? Ta kontakt med ein av våre spesialiserte advokatar for ein uforpliktande samtale.
Kategorier

Senioradvokat

Advokat / partner
Aktuelt
-
Ny dom fra Høyesterett – eiendomsretten i luftrommet
-
Frokostmøte i Bergen: Bærekraft, aksjonærkonflikter og styreansvar ved konkurs
-
Eier du luftrommet over eiendommen din?
-
Velkommen til «Entreprisedagen i Vest»
-
Frukostmøte i Førde: Kjapt og nyttig for små og mellomstore bedrifter
-
Frokostmøte i Bergen: Sykefravær, personvern og styreansvar i SMB
-
Erstatningskrav etter avvist tilbud om tunnelloppgradering til Høyesterett
-
Entreprisegruppen i Harris styrker seg
-
Ny advokatbevilling hos Harris Advokatfirma AS
Kompetanse
-
Bedrift
- Arbeidsrett
- Bærekraft
- Bedrifts- og industrikontrakter
- Compliance
- Eiendomsmegling
- Eiendomsutvikling
- Ekspropriasjon
- Entreprise
- Familie, arv og skifte
- Forvaltningsrett
- Havbruk
- Immaterialrett
- Insolvens og restrukturering
- Konkurranserett, statsstøtte og EØS
- Næringseiendom
- Offentlige anskaffelser
- Personvern
- Plan- og bygningsrett
- Proptech
- Prosess og tvisteløsning
- Selskapsrett
- Skatt- og avgiftsrett
- Transaksjoner